You are here

"Vi er stedene"

Vi er stedene. Fotokilde: Kunstmuseet KUBE & Jugendstilsenteret.
Vi er stedene. Fotokilde: Kunstmuseet KUBE & Jugendstilsenteret.
Dato: 
Fredag, februar 8, 2019 - 00:00 til Søndag, mars 10, 2019 - 00:00
Tema: 
Din epostadresse: 
Sted: 
Jugendstilsenteret og Kunstmuseet KUBE
Kommune: 

Me ønskjer velkomen til ei utstilling med kunstverk laga av 35 kunstnarar som på ulike vis er tilknytt Vestlandet. Dei har laga kunst her, vakse opp, levd og tileigna seg andre sterke band til landsdelen.

Presentasjonen tek form av ei gruppeutstilling og stadspesifikke verk til kvar visningsstad, samt ein publikasjon som både stiller ut kunstverk og inneheld ein lengre tekst om Vestlandet anno 2019 – det siste året med landsdelen slik me kjenner den i dag.
Forfattar og kurator er Marte Danielsen Jølbo frå Stavanger.

«Det siste året har jeg tenkt mye på steder, på hva som konstituerer et sted, men også hva som gjør at de nye stedene man gjennom livet flytter til etterhvert føles som et hjem.
Hva innebærer det å føle seg hjemme i et landskap?»
– Marte Danielsen Jølbo i Vi er stedene

Gjennom dei tre utstillingsspora opnar Jølbo for spørsmål som knyttar kunsten til stad og materialitet, stadshistorie, tilhøyrsle, litteratur og politikk. Utstillinga gjev døme både på korleis kunsten kan være ein stad for tenking og diskusjon rundt aktuelle samfunnsspørsmål så vel som personlege estetiske erfaringar og refleksjon.

Til Kunstmuseet KUBE vert det presentert to stadspesifikke verk av henholdsvis Lillian Tørlen og Jiska Huizing. Tørlen, som opprinneleg kjem frå Ålesund, har mellom anna late seg inspirere av byen sine skifertak og gråtonar når ho for utstillinga har laga ein ny serie med keramiske vasar. Meir konkret har vasane fått sine former frå KUBE sin arkitektur, galleriet sine rom og interiør. Mange av dei har eit tydeleg element av personifisering der dei lener seg inn i hjørner eller sit på vinduskarmar og kantar. Nokre står komfortabelt, perfekt tilpassa sine omgjevnader, mens andre er flytta frå sin originale heim og synest litt meir skeive og utilpass.

Det andre stadspesifikke verket er eit lydverk av den nederlandske kunstnaren Jiska Huizing. Huizing har gjort opptak av lydar frå fleire stader i Ålesund og satt dei saman i ein ny komposisjon som også inkluderer fiolin og stemme. Lydverket til Ålesund vil være tilgjengeleg i utstillinga og oppførast live på opninga av Vestlandsutstillingen.

Andre kunstnarar med lokal tilhøyrsle til Møre og Romsdal er Arild Våge Berge, Siv Bugge Vatne, Gunnhild Torgersen og Ida Madsen Følling.

Tusen takk til Møre og Romsdal Fylkeskommune, Rogaland Fylkeskommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Hordaland Fylkeskommune, Bergen kommune, Fritt Ord, Kulturrådet, Stiftelsen Kjell Holm og Billedkunstnernes Vederlagsfond.

Deltakande kunstnarar:

Gruppeutstilling:
Anette Gellein, Arild Våge Berge, Åse Løvgren & Stine Gonsholt, Aurora Solberg, Gunnhild Torgersen, Hilde Frantzen, Elin Brissman, Ida Madsen Følling, Johanne Hestvold, Kenneth Varpe, Maiken Stene, Margrethe Aanestad, Natasja Askelund, Ole Martin Lund Bø, Per Christian Brown, Roddy Bell, Siv Bugge Vatne, Stian Ådlandsvik, Tor-Finn Malum Fitje, Trond Hugo Haugen, Yngve Mathisen

Stadspesifikke verk:
Azar Alsharif (Kunsthall Stavanger),
Hans Edward Hammonds (Haugesund Billedgalleri),
Ingrid Lønningdal (Kunstgarasjen), Jiska Huizing (alle visningsstadene), Lillian Tørlen (Kunstmuseet KUBE), Solveig Landa (Kunsthuset Kabuso), Tone Wolff Kalstad (Sogn og Fjordane Kunstmuseum)

Publikasjon:
Agnes Btffn, Anna Ihle, Bjørn-Henrik Lybeck, Endre Aalrust,
Kent Fonn Skåre, Kristin Velle-George

Om kurator

Marte Danielsen Jølbo (f. 1984 i Stavanger) er kurator, skribent, redaktør og kunstformidlar. Sidan 2012 har ho drive prosjektrommet og forlaget Another Space – prosjektrom for kunst og arkitektur saman med arkitekt Nicola Markhus, og ho er medstiftar og redaktør for Contemporary Art Stavanger (CAS). Jølbo har vore kurator for ei rekkje utstillingar og tverrfaglege prosjekt, og har skrive og redigert fleire kunstfaglege essay og publikasjonar. I 2012 mottok Jølbo Stavanger kommune sitt kunstkuratorstipend, og ho har nyleg delteke i dei kuratoriske programma Curatorial Program for Research: Mexico, OCAs kurator-residency på ISCP i New York og KOROs Kuratorpraksis + det offentlege rom. Jølbo har ein mastergrad i Moderne kultur og kulturformidling frå Københavns Universitet og ein bachelor i litteraturvitskap.

Om Vestlandsutstillingen

Vestlandsutstillingen er den eldste landsdelsutstillinga, og vart for fyrste gong vist på Bergen Kunstforening i 1922. Det har heilt sidan starten vore ei juryert gruppeutstilling med fri innsending. I byrjinga bestod juryen av 5 kunstnarar som var valt av biletkunstnarorganisasjonane, men har sidan 1998 bestått av 1-3 inviterte kuratorar. Formålet med utstillinga er å arrangere ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har tilknyting til Vestlandet. Utstillinga skal vise frem samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena ut mot resten av landet.

Utstillinga står på KUBE fram til 10. mars 2019.

Velkommen!

www.kunstmuseetkube.no