You are here

Vårsøghelga 2016

Henning Sommerro er ein av Noregs fremste musikarar og komponistar. Foto: Vårsøghelga.
Henning Sommerro er ein av Noregs fremste musikarar og komponistar. Foto: Vårsøghelga.
Vårsøghelga.
Vårsøghelga.
Dato: 
Torsdag, mai 26, 2016 - 00:00 til Søndag, mai 29, 2016 - 12:00
Tema: 
Din epostadresse: 
Kommune: 

Våren er komen,sola ho skin,fuglane har ein song så fin.Flua ho surrar, katta mi "purrar".Fossen han brusarog vårvinden susar....#

Torsdag 26. mai
Opning Vårsøghelga 2016, kunstutstilling og Surnadal billag AS
18.00 Surnadal billag AS.
Salsutstilling av studentane til professor John Arne Mogstad på kunstakademiet, NTNU. Opning av 21. vårsøghelga. Kake og kaffe. Kunstnarisk innslag med Hans Frønes.
Opning av Surnadal billag AS.
Frimann
20.00 Surnadal billag, kr 200 (billettsal i døra).
Bandet frimann skal halde opningskonserten i år. Frimann er eit norskspråkleg rockeband med element av country og folk kjent med anna frå «Norsk på Norsk» og «NRK P1″ under namnet Frimann Frelst. Frimann slapp nyleg albumet «For Sånne Folk Som Oss» til strålande kritikkar og er lokalt aktuell med tidlegare Surnadaling og eminent gitarist Hans Frønes som medlem i bandet.

Fredag 27. mai
Skillingsviser med Rasmus Rohde
11.00 Vårsøg hotell, Skeissalongen, kr 150 (billettsal i døra).
Rasmus Rohde vil fortelje historier og synge skillingsviser. Graut og bakels med kaffe blir servert.
Henningtimen
12.30 Surnadal kulturhus, svorkasalen.
Henning Sommerro inviterer ungdomsskulen til ein annleis musikktime.
Drivadebatt
14.00 Svorkasalen i Surnadal kulturhus.

Filosofisk?
17:00 Surnadal Kulturhus, Kammerset, kr 200.
Årets nykommar i Vårsøghelga er i det filosofiske hjørnet. Professor Kjetil Steinholt frå NTNU filosoferer rundt Arthur Schopenhauer og meir.
Mozart på lokalet
19.00 Gammelsamvirkelaget, Skei kr. 250.
Eit avslappande og folkeleg møte med fire verk av Wolfgang Amadeus Mozart f. 1756 framført av fire pianistar opprinneleg frå Surnadal. Trygve Brøske, Magnhild Brøske, Hedda Hansen Berg og Brage Krsitian Einum.
Whales and this lake
21.30 Surnadal Billag AS, kr 250.
Hans Olav Settem, kreativ lokal låtskrivar og artist kjem heim med bandet «Whales and this lake» som er kjend for sine fengande låtar og gode livekonsertar. Det er første gong bandet spelar i Surnadal og vi ventar stinn brakke.
DJ Hans Frønes
23.30 Surnadal Billag AS, kr 150 (Gratis for dei som var på konsert med Whales and this lake)
Vårsøghelga sin variant av diskotek med DJ Hans Frønes bak spakene.

Laurdag 28. mai
Torg
10.00-16.00 Kulturhusplassen, Skei
Gammaldags torg med lokal mat og handverk.

KIN Kaffekonsert
10.30 Surnadal Kulturhus, Foajeen.
Kulturskolen på Indre Nordmøre legg den siste kaffekonserten i vår til Vårsøghelga.
Eva og Eva
12.00 Kallastua.
Ein intimkonsert sett saman av komponistane Eva Holm Fosnes og Eva Ødemann Moe. I tillegg medverkar John Pål Inderberg, Lars Eggen, Kirsten Næss og Annbjørn Husby. Vi får i tillegg høyre ein komposisjon av Henning Sommerro med tekst av William Shakespeare i anledning 400 årsjubileet for Shakespeares fødsel framført av Julie Hasfjord og Tuva Mortensen.
Boksøg
13.00 Surnadal folkebibliotek på Surnadal kulturhus, kr 150.
Svein Sæter snakkar med Lars Mæhle og Rasmus Rohde om tekstskaping.
Eg er supermann!
15.00 Surnadal kulturhus, Storstuå
Premiere!
Lars Mæhle har forfatta teksten til denne framsyninga, og dei fire musikarane i gruppa Fjord og Fjell har komponert musikken. På scena framfører dei den saman med skodespelarar frå Teatret Vårt. Framsyninga er ein i serien Ordspel, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Teatret Vårt og Fylkesmusikarane, Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Musikarar: Øystein Sandbukt (gitar), Peter Wergeni (saxofon), Jo Inge Nes (slagverk), Kristian Jacobsen (bass).
Regi: Pål Øverland
Kleivakveld
18.30 Kleiva, ovanfor Skei, kr 250 (vaksne), kr 100 (born) og kr 500 (familie, 2 vaksne og 2 born) – det er og billettsal på vegen opp til Kleiva.
Med Wenche Myhre og Anders Eljas, Henning Sommerro, John Pål Inderberg, Karianna Sommerro, Jimu, Surnadal hornmusikk m.fl., diktmønstring og tildeling av Kleivaprisen.
Forbrytersk aften
21.00 Vårsøg hotell, Den Glade Laks, kr. 250.
I 2015 kom Rasmus Rohde ut med plata «10 mordballader og en om kjærlighet» som tek utgangspunkt i skillingsvisetekster fra spesialsamlingane ved NTNU Gunnerusbiblioteket; songar om drap, incest og katastrofale skipsforlis. Konserten bygger på denne plata og I bandet har han med seg Trygve Brøske, Håkon Mjoset Johansen og Erlend Smalås.
Pubkveld med jam
22.00, Vårsøg hotell, Den Glade Laks, kr 200 (dei som var på Forbrytersk aften har gratis inngong).
Pubkveld med jam leda av Jo Inge Nes.

Søndag 29.mai

Barokk-konsert
13.00 Stangvik kyrkje, kr. 250

Rasmus Rohde og verdens beste band
15.00 Todalshytta, vaksne kr. 200, born kr. 150, familie 500 (billettsal i døra)
Vårsøghelga inviterer til familiedag ved Todalshytta. Opning av ny utescene kl. 16.00 med Rasmus Rohde og Verdens Beste Band. Diverse akivitetar og matsal.
Anders og Trygve
19.00 Surna Bedehus, kr. 200
I denne konserten vil Anders Larsen og Trygve Brøske spele musikk av Halvdan Jebe og Witold Lutoslavskij.