You are here

Sunnmøre Middelalderfestival

Dato: 
Laurdag, mai 31, 2014 - 11:00 til Søndag, juni 1, 2014 - 17:00
Din epostadresse: 
Sted: 
Sunnmøre Museum
Kommune: 

Det er med iver, glød og spenning at vi i år lanserar «Sunnmøre Middelalderfestival»; ein to dagars folkefest – lokalisert her i Borgundkaupangen på Sunnmøre Museum! Festivalen finn stad laurdag 31. mai (kl 11-18) og søndag 1. juni (kl 12-17).

Gjennom festivalen tek vi deg tilbake til kystbyen Borgund si storheitstid på 1200-talet. Festivalen utspelar seg på området ved Middelaldermuseet – der byen Borgund i si tid låg. Borgund var som kjent dåtidas viktigaste handelssentrum mellom Bergen og Trondheim; ein møtestad for impulsar og varer frå heile den kjente verda.

På festivalarenaen vil du oppleve leik og fysisk utfolding, lydar, lukter og fargar iscenesatt mellom anna av gjøglarar og musikarar, riddarar og bogeskyttarar, handverkarar, kremmarar og boder med tidas mat og drikke.