You are here

Songmøte med Sunnmøre kristelege mannskor

Sunnmøre kristelege mannskor
Sunnmøre kristelege mannskor (SKRIM)
Dato: 
Torsdag, april 9, 2020 - 19:00 til 20:30
Vedlegg: 
Sted: 
Tørla Grendahus
Kommune: 

PÅSKA I ORD OG TONAR 2020

Konsert for øyre og hjarte

Sunnmøre kristelege mannskor, „Påskekoret“, er på turné igjen. Sidan 1932 har det tradisjonsrike koret reist rundt i påska. Det er påskebodskapen som er det sentrale både i song og i tale. Repertoaret er hovudsakleg dei klassiske evangeliske kor-perlene, men også nokre internasjonale folketonar. „Fastetid“, Himmelske Fader“, „Du sviktet aldri“ og „Høgt frå den himmelske klåra“ er nokre av songane publikum ventar å få høyre, men koret har også noko nytt i bagasjen på kvar turné.

Svein Eiksund og Lidvar Grimstad dirigerer.

Gratis inngang. Inntekt frå kollekt og sal av CD-ar går til Møre og Romsdal krins av KFUK/ KFUM