You are here

Sæter og Mauset. Litteratur med musikalsk følgje.

Svein Sæter
Svein Sæter
Dato: 
Onsdag, oktober 30, 2019 - 19:00 til 21:00
Din epostadresse: 
Sted: 
Tingvoll bibliotek
Kommune: 

Svein Sæter med boka "Krig. Mor. Bror" om Ottar Haugland og "Ei haustferd på Nordmøre 1934" av Hans Hyldbakk. Musikk Karstein Mauset.

Svein Sæter kåserer om den ferske boka si, «Krig. Mor. Bror». I tillegg byr han og musikaren Karstein Mauset på eit varmt møte med Hans Hyldbakk, gjennom den nye utgåva av Hyldbakks klassiske bok «Ei haustferd på Nordmøre 1934».

Biblioteket byr på kaffe, te og kjeks i pausa mellom kåseri og musikalsk ferd tilbake til Hyldbakks tid. Sæter vil også si nokre ord om sitt bidrag i den nyutgjevne antologien "Opptur". Etter programmet blir det anledning til uformell prat og å kjøpe signerte bøker.

Teleslynge.
Fri inngang.

Sterk krigshistorie
November 1943. I same natt blir to brør tatt og torturert av Gestapo; Milorg-leiar Ottar Haugland og tungtvannssabotør Knut. Knut gjennomfører ei utruleg flukt. Ottar svelgjer ei sjølvmordspille.
Heime på Rjukan dør far Olaf i ei meiningslaus ulykke. Mor Gunnhild begynner å skrive dagbok, i sorg og angst og kamp for gutane sine.
For Ottar får eit liv etter sjølvmordspilla. Eit liv i dødsleiren Stutthof ved Gdansk. Der finn han blyant og papir. I kampen for å overleva barbariet har fangane berre eitt våpen: solidaritet. Det trengst. No ventar Dødsmarsjen.

Vandraren Hyldbakk
Etter kaffepausen presenterer Sæter også den nye utgåva av «Ei haustferd på Nordmøre 1934», truleg Hans Hyldbakks mest etterspurte bok. Dette er første gongen ho blir gitt ut igjen, og det skjer i regi av Surnadal Heimbygdlag.
Med på presentasjonen blir også musikaren Karstein Mauset, som med gitar og song byr både på eigne komposisjonar og på andre kjente tonar frå songskatten etter Hyldbakk.
Hans Hyldbakk var ein vandrar. Vårsøg-diktaren var på sitt beste når han møtte menneske og bygder. Derfor har «Ei haustferd på Nordmøre 1934» vore ein sterkt etterspurt klassikar. No er boka endeleg å få i nyutgåve.