You are here

Om ei rose eg syng

Om ei rose eg syng. Konsertplakat
Om ei rose eg syng. Konsertplakat
Dato: 
Laurdag, juni 4, 2016 - 18:00 til 19:00
Din epostadresse: 
Sted: 
Giske kyrkje
Kommune: 

Bygdelagskoret Blåne frå Oslo syng folketonar i Giske kyrkje.

Bygdelagskoret Blåne frå Oslo gjestar Sunnmøre, og skal halde konsert i Giske kyrkje laurdag 4 juni. Om ei rose eg syng er ein konsert med norske folketonar og eit utvalg songar frå mellomalderen.

Koret har i mange år lagt stor vekt på norske folketonar, og arbeidd mykje med å vidareutvikla folketoneklangen i koret. Bygdelagskoret i Oslo er eit av dei få kora i landet som utforskar og formidlar folkemusikk på ein mest mogleg autentisk måte, både når det gjeld tonesetting og klang.
Dirigent: Anne-Line Sandegren.
Bill i døra kr 100,- Born under 16 år gratis.