You are here

Lilla

Lilla. Foto: Teatret Vårt
Lilla. Foto: Teatret Vårt
Dato: 
Onsdag, august 28, 2013 - 19:30
Fredag, august 30, 2013 - 12:30
Tysdag, september 17, 2013 - 19:30
Torsdag, september 19, 2013 - 19:30
Fredag, september 20, 2013 - 19:30
Din epostadresse: 
Sted: 
Storyville
Kommune: 

Jon Fosse sitt abstrakte språkunivers gjev rom for å utforske arketypar i ei tenåringsverd fylt av konflikt, usikkerheit og kjærleik.

Runar Gudnason har språkleg og musikalsk kompetanse kombinert med erfaring i møte med målgruppa. Regien gjer språket aktuelt og direkte. Verkeleg og skremmande nært... Kor går grensene? Kven bestemmer?

Eit levande, organisk språk sett inn i ei intens ramme – som likegodt kunne vore næraste øvingsrom. Språket og musikken har ei rytme som d-r-e-g deg inn i spelet. Opplevinga av å ha sett tenåringsverda i spegelen gjev deg noko å gruble på. Kven vil du vere?

Språket famnar vidt. Likevel er det nært. Framsyninga fangar tenåringar i eit univers som er deira eige. Det gjev dei reiskap til sjølve å vurdere og å uttrykke seg: skolemateriellet som følgjer produksjonen og tek pulsen på tenåringslivet. Språkåret er så definitivt også ungdommens.

Jon Fosse si tekst i regi av Runar Gudnason og med ei ung dynamisk rollebesetning... me gleder oss, for dette borgar for sprengkraft!

Premiere på Teatret Vårt 28. august 2013.
Speletid: 1 time (utan pause).

Av: Jon Fosse
Regi: Runar Gudnason
Scenograf: Mari Watn
Med: Hilde Marie Farstad, Eldar Skar, Bjørnar Lisether Teigen, Daniel Karlsson, Lars Melsæter Rydjord.

I samband med framsyninga blir det oppretta ei eiga interaktiv side for ungdom på www.teatretvart.no Her kan du laste opp eigne bilde, tekstar, musikk og film. Her vil du også finne ein eigen tekstkonkurranse for ungdom.

Nettaktivitetane er utvikla i samarbeid med Rockheim (i samband med utstillinga «I wish I was a real boy»), Bjørnsonfestivalen, Språkåret 2013, Ivar Aasentunet og Ungdommens Kulturmønstring (UKM).

Aktivitetane på nett er relatert til læreplanar i ungdomskule og vidaregåande skule og kan brukast i undervisning.