You are here

Konsert: Gabriel Fliflet og Jorun Marie Kvernberg

Dato: 
Laurdag, april 30, 2016 - 20:00 til 23:55
Din epostadresse: 
Sted: 
Øydegard Grendahus
Kommune: 

To som slår seg laus slår seg saman! Gabriel Fliflet og Jorun Marie Kvernberg renn over av speleglede – både når musikken toppar seg i høgspente kraftutladningar og når han flyt stille og poetisk. Dei følgjer kvarandre tett, både med underfundige smil og breie glis! Når tida er mogen, bryt dei ut i song.

Jorun Marie Kvernberg spelar fele, hardingfele og harpeleik og er ein av landets beste folkemusikarar. Ho har vunne Spelmannsprisen to gonger og er den einaste som har vunne den ærerike "Edvard-prisen" for komponere i sjangeren folkemusikk. Ho er sentral i fleire av Noregs fremste folkemusikkgrupper, som i den prisvinnande felekvintetten Majorstuen, trioen Tindra og i Unni Boksasp Ensemble. Dei siste åra har ho au dyrka solospelet, og fått stor respekt for sin lysande, kraftfulle tone, sin virtuositet og for djerv musikalsk nyskaping.

Gabriel Fliflet er ein fargerik musikar og musikkmakar med eit eige tonalt særpreg. Gjennom trekkspelet hans kan du spore tonar og rytmar frå både Hellas og Hardanger, finske skogar og nordsjøkystar – på ein gong. Gabriel har lang fartstid innan ei rekke ulike former for folkemusikk og vart kåra til Årets folkemusikar i 2011. Han er nok best kjent frå sitt samarbeid med trommeslagar Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre, men dei siste åra har Gabriel sett saman fleire prosjekt og laga fleire tingingsverk på eiga hand. Mellom desse er Åresong, som han laga saman med Jon Fosse til Festspillene i Bergen 2010, og Valseria frå 2013, som er ein hyllest til valsen og tretakten. Det var her Jorun Marie og Gabriel begynte samspelet.

På konserten får du høyre herlege folketonar som har tolt tidsreisene, men aller mest er det eit repertoar av ny musikk laga og arrangert av musikarane sjølve.

Jorun Marie Kvernberg – fele, hardingfele, harpeleik, song
Gabriel Fliflet – trekkspel, piano, song

Billetter 250,- (ordinær) / 150,- (medlem av Straumsnes Jazzklubb)
Kjøpes i døra, eller på Hoopla.no