You are here

Kjønn og media - arrangement i høve KVINNEDAGEN 2014

Venstrekvinnene på Hareidlandet skipar til arrangement i høve Kvinnedagen 2014.
Venstrekvinnene på Hareidlandet skipar til arrangement i høve Kvinnedagen 2014.
Dato: 
Måndag, mars 10, 2014 - 17:30 til 21:30
Din epostadresse: 
Sted: 
Sunnmøre folkehøgskule
Kommune: 

Måndag 10. mars
Kl 17.30 Workshop
Kl 19.30 Tradisjonell feiring

Venstrekvinnene på Hareidlandet inviterer til arrangement i høve Kvinnedagen 2014. Merk at arrangementet er lagt til måndag 10. mars.

Tema for dagen vert kjønn og media.

Kva spelerom har kvinner og menn i media i dagens Noreg? Er det skilnad på korleis kvinner og menn blir framstilte, og kva bygg desse framstillingane på? Likeverd, stereotypiar eller tradisjonelle kjønnsroller? Dette er nokre av dei spørsmåla Venstrekvinnene på Hareidlandet stiller under feiringa av Kvinnedagen. Til å svare på dette, har vi henta inn høgskulelektor, forskar og spaltist Ragnhild Fjellro.

Vi startar dagen med ein workshop for dei som ynskjer å gå meir i dybda på temaet. Workshopen startar kl 17.30.

Den tradisjonelle feiringa startar kl 19.30, med Ragnhild Fjellro som kveldens hovudtalar. Det vert også kulturelt innslag, matykt, loddsal og utdeling av Kvinneprisen.

Inngang kr 150,-