You are here

Julekonsert med Skodje Blandakor og barnekoret Jubalo.

Dato: 
Søndag, desember 14, 2014 - 18:00 til 20:00
Din epostadresse: 
Sted: 
Gomerhuset på Skodje
Kommune: 

Julekonsert med Skodje Blandakor og barnekoret Jubalo.
Søndag 14. desember kl 18:00. Gomerhuset, Skodje

Når nettene vert lange og kulda setter inn, då er det tid for å la seg varme av vakker korsong. Like så
sikkert som at det vert jul er det at det kjem julekonsertar i framkant, og ein av desse er det Skodje
blandakor og dirigent Marc Labruijere som inviterar til.
Koret, som i år feirar 120-års jubileum, har denne jula fått med seg barnekoret Jubalo og deira dirigent
Ragnhild Grindvik. Repertoaret er sjølvsagt julesongar, og spenner frå songskattar som "Mitt hjerte alltid
vanker" til den nyare og meir ukjende "Mrs. Claus".
Så legg vekk vaskefille og kjevle eit par timar, ta turen til Gomerhuset på Skodje søndag 14. desember
klokka 18.00, og nyt kjensla av at jula er nær!
Billettar: Vaksne 150,- / Born/Honnør 75,-