You are here

Herøyspelet "Kongens Ring"

Eit fullsatt Herøy Amfi omgjeven av storslått natur. Foto: Per Eide
Møre-Karl (Jon Bleiklie Devik), Ingolv Ynda (Frode Bjorøy) og Unn den Fagre (Agnes Kittelsen). Foto: Per Eide
Dato: 
Laurdag, juli 6, 2013 - 13:30 til 15:00
Din epostadresse: 
Sted: 
Herøy Amfi
Kommune: 

Vakker musikk på ei fantastisk utescene møter oss i vikingmusikalen "Kongens Ring". Spelet har gjennom åra vunne ry som eit av dei fremste i sin sjanger.

I vikingmusikalen "Kongens Ring" tek vi deg med omlag 1000 år tilbake i tid. Til sein vikingtid. I Herøy Amfi, omgjeven av storslått natur og til storslått musikk, får du oppleve eit drama du seint vil gløyme. Kamp og strid, kjærleik og hemn, skjemt, alvor, tru og overtru, liv og død.

Vikingmusikalen "Kongens Ring" knyt saman då og no med ei handling som er like aktuell for mennesket i dag som den gong.

I hovudrollene møtar vi blant anna:

- Pål Sverre Valheim Hagen
- Heidi Ruud Ellingsen
- Jon Bleiklie Devik
- Nils Ole Oftebro
- Anette Hoff
- Frode Bjorøy
- Bjørn Willberg Andersen
- Hedvig Garshol
- Bjørn Holum
m.fl.

For heile familien. Teleslynge. Tilrettelagt for rullestolbrukarar.

Sal av mat, drikke og Herøyspeleffektar på Herøy Gard.

TRANSPORT
M/S Fjord Ålesund fraktar publikum sjøvegen fram til Herøy Gard/Herøy Amfi. Båten går frå skilta parkeringsplassar på Mjølstadneset og Lanternen Marina på Jensholmen.
Gratis parkering og båttransport. Sjå vår nettside for meir info.

KOM OG OPPLEV "KONGENS RING" I HAVLANDET HERØY!