You are here

"helse" er tema for årets familiedag på Sunnmøre Museum

Dato: 
Søndag, august 25, 2013 - 12:00
Tema: 
Din epostadresse: 
Sted: 
Sunnmøre Museum
Kommune: 

Søndag 25. august kl. 12-16 ønskjer vi velkommen til Den Store Familiedagen. I år vil vi i tillegg til dei tradisjonelle aktivitetane, også ha aktivitetar og læring kring temaet "Helse".

Alt frå å lage urtemedisin, tran og "helsekost" til å høyre historia rundt pestvogna og sjukekorga på Heland er nokre av dei mange emna du får ta del i og lære meir om. Sjølvsagt vert det også tradisjonen tru både eventyrstund, båttur med Borgundknarren, snekring, baking og mykje anna spennande. Meir informasjon om aktivitetar og program kjem når datoen nærmar seg.