You are here

Haugsholmendaganen 2013

Dato: 
Laurdag, juli 13, 2013 - 11:00 til Søndag, juli 14, 2013 - 18:00
Din epostadresse: 
Sted: 
Haugsholmen
Kommune: 

Opne familiedagar på handelsstaden Haugsholmen, ei unik perle på søre Sunnmøre med røter tilbake til 1600-talet. Alle som vil er velkomne mellom kl. 11 og 18. begge dagar.

Nytt av året er motbakkeløp til det høgste punktet på holmen, Kletten. Det er ikkje tøffare enn at «alle» kan delta. Posten og butikken er opne for handel, og vi får besøk av veteranskipet MS Hindholmen. I tillegg har vi fleire spennande programpostar for heile familien!

Haugsholmen i Sande kommune har i fleire hundre år vore ein av dei sentrale hamnene og handelsstadane på Sunnmøre. Truleg går historia mange hundre år tilbake i tid, sjølv om dei registrerte eigarane berre går tilbake til 1600-talet. Gjennom tidene har der vore lensmannsete, gjestgiveri, butikk, post, telegraf og sildoljefabrikk.

Haugsholmenns vener, skal ta vare på og auke kunnskapen rundt kystkulturen, med utgangspunkt i handelsstaden Haugsholmen i Sande kommune. Inntektene frå treffet går til restaurering av den gamle og verdifulle bygningsmassen.

Arrangør: Haugsholmens vener
For meir info. kontakt odd.kristian.dahle@tibepr.no, eller tlf. 906 15 658