You are here

Fjord Cadenza - Festivalkunstnar Ragnhild Søvik

Festivalkunstnar Ragnhild Søvik. Foto: Alle rettigheter Ragnhild Søvik. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Festivalkunstnar Ragnhild Søvik. Foto: Alle rettigheter Ragnhild Søvik. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Dato: 
Onsdag, august 10, 2016 - 11:10 til Søndag, august 14, 2016 - 12:00
Tema: 
Din epostadresse: 
Sted: 
Jentekolonien
Kommune: 

Salgsutstilling med kunstnar Ragnhild Søvik i regi av Lions på Jentekolonien. Utstillinga er open kvar dag under festivalen.
Ons-Fre 17-22. Laur 12-22. Søn 12-16.

ÅRETS FESTIVALKUNSTNAR 2016

Det er med stor glede vi ønskjer biletkunstnar Ragnhild Søvik tilbake til Fjord Cadenza og kunstutstillinga på Jentekolonien Skodje. I samarbeid med Lions Club Skodje har Fjord Cadenza sikra seg den svært etterspurte kunstnaren som årets festivalkunstnar. Ragnhild er 46 år gamal og frå Ålesund - der ho framleis høyrer heime og har sitt eige atelier.

Ho er mellom dei mestseljande lokale kunstnarane, og har dei siste åra hatt ei rekkje separatutstillingar både i Noreg og i utlandet. I tillegg har ho utført fleire utsmykkingsoppdrag til ulike offentlege- private- og forretningsbygg i distriktet. Publikum vert fengsla av hennar abstrakte menneskemotiv og ansikt, sett saman i ulike univers og fargetonar. Ragnhild Søvik bruker ulike teknikkar med akryl, kol og blyant på lerret eller plate, og har skapt seg eit særeige utrykk i kunsten, som publikum veit å settje pris på.

Ragnhild Søvik er også ein stor musikkelskar, og brukar musikk som inspirasjon når ho maler. Slik sett er kombinasjonen med Fjord Cadenza musikkfestival ei perfekt ramme for biletkunsten hennar.

Utstillingane vert raskt utselde, og dei som ønskjer seg ein godbit frå Ragnhild Søvik må vere tidleg ute. Salsutstillinga opnar onsdag 10. august kl. 17:00 med musikalsk innslag og er open til søndag 14. august kl. 16:00. Sjå øvrige opningstider i programmet.