You are here

Fjord Cadenza 6.-9. august 2015

Jan Magne Førde. Fotokilde: Fjord Cadenza
Jan Magne Førde. Fotokilde: Fjord Cadenza
Dato: 
Torsdag, august 6, 2015 - 00:00 til Søndag, august 9, 2015 - 12:00
Din epostadresse: 
Sted: 
Gomerhuset
Kommune: 

Årets fantastiske Fjord Cadenza festival vert arrangert i perioden 6.-9. august! Vi er svært glade for å kunne utvikle festivalen vidare og invitere til ein ny festival med eit program som har stor breidde og eit høgt kunstnarisk nivå!

Festivalen sin mangeårige kunstnarisk leiar Rune Bergmann er stolt av å presentere Jan Magne Førde som årets festivalkomponist. I tillegg vil Hilde Louise Asbjørnsen «in symphony» bli eit av høgdepunkta. Vi er også svært glade for at Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen tek turen tilbake til Skodje. Den musikalske trollmannen Kenneth Ekornes vil elles står for årets familieframsyning. Visjonen om at unge talent skal få utikle seg i samspel med profesjonelle står fast, og også i år vert samarbeidet med Ålesund Orkesterskole vidareført.

Jan Magne Førde - Årets festivalkomponist

Årets festivalkomponist vert ingen ringare enn Jan Magne Førde som mellom anna er kjend frå The Brazz Brothers! I si meir enn tretti år lange karriere som musikar og komponist har Førde vorte svært anerkjend både i Norge og internasjonalt! Vi er svært glade for at Førde vert årets festivalkomponist! Han er ein komponist på høgt internasjonalt nivå og ein entertainer av høg klasse som tilfører Fjord Cadenza ein ny dimensjon, seier kunstnarisk leiar Rune Bergmann.

Jan Magne Førde er frå Langevåg i Sula kommune og er trompetist og komponist. Han er mest kjend for at han er en del av The Brazz Brothers, der han spelar trompet og flygelhorn. Han har også spilt i Orleysa og Bodega Band.

Førde er utdanna ved Musikkonservatoriet i Trondheim (nå Institutt for musikk ved NTNU) og i København, og er i dag en av dei mest spennande jazztrompetistane i Skandinavia. Han jobbar spesielt med norsk folkemusikk i moderne stil og hans bidrag til norsk musikk innan jazz og rock viser ein genuin kvalitet. Hans komposisjonar for større og mindre brassensembler er ofte framført over hele Skandinavia.

Meir informasjon finst her: http://www.janmagneforde.no/

Biografi: http://www.mic.no/nmi.nsf/micdoc/art2006052410341363332570

Klipp frå ei rekkje konserter kan finnast på Youtube:

https://www.youtube.com/results?search_query=Jan+Magne+F%C3%B8rde

Hilde Louise Asbjørnsen

Det er ei ære for Fjord Cadenza at vokalist, musikar og kabaret-artist Hilde Louise Asbjørnsen har sagt ja til å stå for den offisielle opninga av Fjord Cadenza 2015!

Hilde Louise Asbjørnsen er frå Sykkylven og har for lenge sidan etablert seg som ein svært allsidig og dyktig artist. Ho har i 10 år virka som jazzvokalist, låtskrivar, tekstforfattar og kabaret-artist. Ho har blant anna gitt ut sju kritikarroste album og turnert landet i fleire omgangar med komikarduoen Asbjørnsen & Joh. Ho har gjort rollen som Ulla i musikalsuksessen ”The Producers” på Oslo Nye Teater og vann for denne rollen prisen for ”Beste Kvinnelige Artist” under Komiprisen 2011. Mange hugsar henne særleg frå NRK sin reality-serie ”Maestro” der ho gjekk sigrande ut av konkurransen om å dirigere Kringkastingsorkesteret. I seinare tid har ho mellom anna vore svært aktuell i hovudrolla som Roxy Hard i musikalen «Chicago».

Asbjørnsen besøkte også Fjord Cadenza i 2013 og vi er svært fornøgde med at Asbjørnsen kjem attende til festivalen i år. – Det er veldig gøy å kunne presentere ein entertainer av Hilde Louise sitt format på Fjord Cadenza. Ho passar perfekt inn i vår profil med sin dyktighet og allsidighet og alle som har vore på konsert med Hilde Louise veit at ho må opplevast. Det er heller ikkje feil at ho er vaskeekte sunnmøring, seier styreleiar Hallgeir Øvrebust.

For meir informasjon, sjå: http://www.hildelouise.com/

Ei rekkje opptak med Hilde Louise finn ein her:
https://www.youtube.com/user/hildelouise1