You are here

Dei nynorske festspela 23.–26. juni 2016

Marit Eikemo. Fotograf: Agnete Brun.
Marit Eikemo. Fotograf: Agnete Brun.
Gisle og Heine. Fotograf: Svein Finneide.
Gisle og Heine. Fotograf: Svein Finneide.
Dato: 
Torsdag, juni 23, 2016 - 00:00 til Søndag, juni 26, 2016 - 12:00
Din epostadresse: 
Sted: 
Ivar Aasen-tunet
Kommune: 

Festspel med fleire morsmål. Simone Eriksrud og Bugge Wesseltoft, Marit Eikemo og Unn Røyneland kjem alle til Dei nynorske festspela 23.–26. juni 2016. Dei er i godt lag med festspeldiktar Ruth Lillegraven. Festspela 2016 har morsmål som ein raud tråd gjennom fire fullspekka festivaldagar.

– Morsmål er det første talemålet eit menneske lærer, og morsmålet er difor noko alle har eit forhold til. Unn Røyneland skal snakke om morsmålet si rolle i det fleirspråklege samfunnet, og gjennom mange spennande møte med dyktige utøvarar, får vi innblikk i kva morsmålet betyr for oss som enkeltpersonar, seier programansvarleg Åshild Widerøe. Årets festspelprogram vil gi publikum mange store opplevingar, både gjennom litteratur, musikk og ei større satsing til barn og unge,

I år kan du oppleve Festspela på svært mange arenaer, både på tradisjonelle scener og på meir overraskande stader, som til dømes på fotballstadion og i eit par kantiner. Hovudarenaen er Ivar Aasen-tunet, men om lag halvparten av arrangementa vil finne stad rundt om i Ørsta og Volda.

Litteratur og morsmål frå fleire vinklar

Årets tema går som ein raud tråd festspeldagane og blir belyst både gjennom litteratur, foredrag og samtalar. Festspeldiktar Ruth Lillegraven er i godt litterært selskap med mellom andre Marit Eikemo, Knut Ødegård og Guri Sørumgård Botheim. Og, har du lurt på korleis det er å omsetje Maria Parrs lokale og kreative kraftuttrykk til eit anna språk, kan omsetjar Guy Puzey gi deg svaret på det.

Fleire festsprell for born

I år blir det fleire festsprell for dei yngste, mellom anna med framsyninga «Eg ler meg i hel», basert på Erna Oslands nyaste bok om latter. Christian Wiik Gjerde, mest kjend frå NRKSuper, har debutert som barnebokforfattar og les frå Jakta på firkløveren. På Volda bygdetun blir det familiedag med farging av ull og lesestund med forfattar Anna Folkestad om Unni og Gunni malar. Ruth Lillegraven kjem også og les frå boka Mari og Magnus hos bestemor. Volda stadion er arena for fotballboka Alle mann i forsvar og både på Høgetua og andre barneboktuer i nærområdet blir det høgtlesing under Festspela.

Daglege høgdepunkt i Uteamfiet

Kvar kveld blir det store musikalske opplevingar i Uteamfiet i Aasen-tunet. Heine Totland og Gisle Børge Styve opnar torsdag med eit forrykande show og Ingebjørg Bratland held konsert fredag. Laurdag blir det ei spesiell oppleving då Simone Eriksrud og Bugge Wesseltoft entrar scena saman i eit nytt og spennande duoformat. Eriksrud, mest kjend frå D’sound, skriv no på dialekt og vil også syngje nokre songar på tysk, som er hennar morsmål. Festspela blir avslutta med Jovan Pavlovic trio under Aasen-stemnet.

– Dei nynorske festspela er femti arrangement på fire dagar med litteratur, musikk, foredrag og samtalar, utstillingar, kurs og seminar, avsluttar Åshild Widerøe. I år blir Festspela arrangert 23.–26. juni og billettar kan tingast allereie no. Heile programmet finn du på festspela.no.

DEI NYNORSKE FESTSPELA

Ei årleg feiring av nynorsk skriftkultur i Ørsta og Volda siste veka i juni
Kvart år gjestar om lag 6000 menneske denne festivalen
Årets tema er Morsmål, og festspeldiktar er Ruth Lillegraven
Av 50 planlagde arrangement i 2016 er 17 gratis
Budsjettet for 2016 er på 2,1 millionar kroner
Festspelpass til 1550 kr gjeld på alle arrangement
Billettsal frå og med onsdag 6. april på www.festspela.no og ebillett.no