You are here

Dei Nynorske festspela 2015

Dato: 
Torsdag, juni 25, 2015 - 00:00 til Søndag, juni 28, 2015 - 12:00
Tema: 
Din epostadresse: 
Sted: 
Ivar Aasen-tunet
Kommune: 

Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug har selskap av mellom andre Olaug Nilssen, Anne Marit Jacobsen, Majorstuen og Jostein Fet under Dei nynorske festspela 25.–28. juni 2015. Årets festspelprogram vil gi publikum mange store opplevingar, både gjennom litteratur, musikk og nyskapande tekstilkunst.

– Årets festspeltema et Tillit og denne gongen har vi valt å setje lys på temaet gjennom samtidslitteraturen og festspelutstillinga av Astrid Runde Saxegaard. Publikum får rikeleg høve til å møte festspeldiktar Gunnhild Øyehaug og det blir fleire konsertar med ulike uttrykk. Ivar Aasen-tunet er hovudarena, men publikum får også Festspela både på kjende og nye arenaer i Ørsta og Volda sentrum, seier programansvarleg Åshild Widerøe.

Daglege høgdepunkt i Uteamfiet
Uteamfiet i Aasen-tunet blir også i år arena for store arrangement kvar dag. Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen er klare for å gi publikum store musikalske opplevingar frå eit langt og banebrytande samarbeid torsdag kveld. Gjest under konserten er Lars Bremnes, som ved fleire høve har samarbeidd med Kirsten Bråten Berg. Fredag kveld vil ei gullrekkje av forfattarar delta på eit stort litteraturarrangement der årets tema blir utforska. Laurdag kveld er det duka for stor konsert med rockegruppa D.D.E. med Bjarne Brøndbo i spissen. Under Aasen-stemnet søndag framfører skodespelaren Anne Marit Jacobsen dikt av Jon Fosse i poesikonserten «Stein til stein». Med seg har ho songaren Ruth Wilhelmine Meyer og pianisten Helge Lien.

Litterære samtalar og foredrag om språk
Publikum får eit nært møte med festspeldiktar Gunnhild Øyehaug når ho samtalar med Jan H. Landro om forfattarskapen sin. Olaug Nilssen møter festspeldiktaren i ein samtale om prosessen når bok blir film, medan Lars Amund Vaage og Øyehaug skal snakke om korleis eg-et i romanen blir oppfatta. Og når Odd Goksøyr møter festspeldiktaren er det gjendikting dei skal snakke om. Den prislønte forfattaren Marit Kaldhol frå Ålesund møter Olaug Nilssen for å snakke om utanforskap med utgangspunkt i to av dei siste bøkene sine.

Forskaren og kulturhistorikaren Jostein Fet kjem til Festspela med eit nytt stort verk om den gløymde litteraturen. Den svenske språkforskaren Tore Janson vil gi oss ei innføring i korleis språka utvikla seg i Europa på Ivar Aasen si tid. – Som det einaste språkmuseet i Norden, er det viktig for oss å få inn impulsar også frå andre land når vi feirar den nynorske skriftkulturen. Ivar Aasen reiste aldri ut av landet, men han var ein høgt respektert språkforskar også langt utanfor landegrensene, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng.

Litteratur til born og unge
I Uteamfiet fredag føremiddag får dei yngste bli kjende med Zara, hovudpersonen i ei bok av Bjørn Sortland. Forfattaren skal sjølv lese og fortelje om ein dag ei venninne blei med heim til ein litt uvanleg familie. Bjørn Sortland er kjend for ein underfundig humor, som også vil fryde dei yngste. For dei eldre borna vidarefører Festspela suksessen frå i fjor med arrangement på Ørsta folkebibliotek. Forfattaren Ingunn Røyset les frå boka Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen, ei bok der tillit er viktig, og det blir det konkurransar med bokpremiar.

– På Festspela kan du oppleve førti arrangement på fire dagar med noko for ein kvar smak, avsluttar Åshild Widerøe, som rår publikum til å tinge billettar på førehand for å vere sikra plass. Festspela blir arrangert 25.–28. juni i Ivar Aasen-tunet og på ulike stader i Ørsta og Volda sentrum. Heile programmet finn du på nettstaden festspela.no.

DEI NYNORSKE FESTSPELA

• Ei årleg feiring av nynorsk skriftkultur i Ørsta og Volda siste veka i juni

• Kvart år gjestar om lag 6000 menneske denne festivalen

• Årets tema er Tillit, og festspeldiktar er Gunnhild Øyehaug

• Av 40 planlagde arrangement i 2015 er 12 gratis

• Budsjettet for 2015 er på 2,1 millionar kroner

• Festspelpass til 1450 kr gjeld på alle arrangement

• Billettsal frå og med onsdag 29. april på www.festspela.no og ebillett.no