You are here

Ørskog Bluesfest

Earl Thomas på Ørskog Bluesfest. Fotograf Sindre Sjøholt
Earl Thomas på Ørskog Bluesfest - for ei stemme, for ei stemning!
Dato: 
Torsdag, september 1, 2016 - 17:00 til Søndag, september 4, 2016 - 21:00
Din epostadresse: 
Sted: 
Sjøholt sentrum
Kommune: 

Ørskog Bluesfest er klar med årets plakat og med lovnadar om stor stemning for store og små!

- Elva-Pe Blues -
Det heile startar, i år som tidlegare, med ein utandørs, rusfri og gratis familiekonsert der kombinasjonen vakker natur, svingande rytmar og born og vaksne i alle alderar har vist seg uslåeleg! Tidlegare har desse konsertane vore halden oppe ved gruvene (Gruveblues), i Prestefjøra (Fjøreblues), på Gausneset (Kraftblues) og i Skråvika (Bølgeblues).

I år er det ved Elva-Pe konserten vert halden: torsdag 1. september kl. 17.00. Så inviter med tanter, bestefar og små venner til ein stemningsfull ettermiddag ved Elvastien.

- Ungdomsblues -
Av ungdommen, for ungdommen. Ungdomsklubben samarbeider med Ørskog Bluesfest og arrangerer ein forrykande kveld ved ungdomsklubben i hallen, fredag 2. september kl. 20.00.

- Bluesparade og familiefest -
Bluesparade! Ta med heile familien på ein storslagen parade med brassband, bluesband og dans.

Vi starter fra samfunnshuset laurdag 3.september kl. 12.00 og går utover, krysser hovudvegen ved småbåthavna, rundar rådhuset og tilbake til samfunnshuset. Deretter vert det barne- og familiekonsert inne på festivalområdet: Det blir blågress for smågress når Ila Auto tar fram banjo og vaskebrett og blandar festleg bluegrass med meir eller mindre kjente songar frå barndomen.

- Vaksenblues -
Fredag og laurdag kveld på festivalområdet blir det vaksenblues med mellom andre Eldar Vågan, Aki Kumar og Marit Larsen.

- Kirkeblues -
Eit friminutt frå stress og mas. Stig Ulv, gitaren hans og sjelefred. Ørskog kyrkje søndag 4. september kl. 19.00.

Ørskog Bluesfest har fått ny heimeside - her finn du alt du treng av informasjon: http://www.orskogbluesfest.no/

- Billettar -

Billettar får du kjøpt anten i døra eller hos tikkio.

Prisane er som følger:
• Elva-Pe blues er eit gratis arrangement, men om ein ynskjer kan ein legge ein slant i melkespannet.
• Ungdomsblues: kr. 100,-
• Bluesparade og familiefest: Sjølve paraden er gratis, men for å vere med på konserten og showet inne på festivalområdet, kostar det kr. 50,- per barn og kr. 100,- per voksen.
• Fredagspass: kr. 475,-
• Laurdagspass: kr. 575,-
• Helgepass: kr. 783,-