You are here

Stjernestøv

Stjernestøv. Plakat: JazzåTeatret.
Stjernestøv. Plakat: JazzåTeatret.
Dato: 
Laurdag, november 3, 2018 - 18:00
Tema: 
Din epostadresse: 
Sted: 
Surnadal kulturhus
Kommune: 

JazzåTeatret presenterer det nye musikkteateret Stjernestøv!

Stjernestøv er eit nytt musikkteater med tekst av Svein Sæter og musikk av Lars Ramsøy-Halle. Det er ikkje ofte det blir produsert nyskrivne musikkteater i Noreg. Det er på Nordmøre det skjer.

Stjernestøv tek oss med til det store gullrushet i Nord-Amerika. Vi fylgjer dei tre nordmøringane Ingrid, Olav og Gunnar inn i ukjent land – der håpet er billetten og lidenskapen er drivkrafta. Gjennom grovbarka humor og bøn, røffe låtar og forelsking, finn nordmøringane kraft til å ta seg fram til målet – Klondike.

Stykket er regissert av Elisabeth Matheson, med brei erfaring frå både film- og teaterverda. På scena får vi oppleve dei lokale utøvarane Sigrid Vetleseter Bøe frå Bøfjorden som har vore med i fleire store operaoppsettingar i både inn- og utland, og Esben Bråten frå Sunndalsøra – med lang erfaring frå både Lady Arbuthnott, avgangsrevyar og anna teaterarbeid. Saman med dei på scena spelar Erik Wenberg Jacobsen som mellom anna har hatt sentrale roller i Les Misérbables, Jesus Christ Superstar og som i 2018 har rolla som Same-Torkhell i Lady Arbuthnott – frua på Elverhøy.

Ein ny produksjon frå JazzåTeatret ein ikkje kan gå glipp av. Kjøp billettar no!