You are here

Solrenningstur på Vardane i Sula - Naturlos 2017

Vardane på Sulafjellet. Fotograf: Jan Aakvik.
Vardane på Sulafjellet. Fotograf: Jan Aakvik.
Dato: 
Fredag, juni 23, 2017 - 22:30
Din epostadresse: 
Kommune: 

Ein middels tung tur (blå) som passar spesielt godt for vaksne. Vonhytta vil vere open denne kvelden og natta. Herifrå går turen på merka rås til Vardane og Sulafjellets høgaste punkt på 776 moh.

Ved storevarden på toppen ser vi sola gå ned ca kl. 23.30. Det kan bli kaldt, så varm drikke og varme klede er ein fordel å ha tilgjengeleg, gjerne også ein sovepose. Når sola har gått ned, går vi saman ned til Vonhytta, her vil det vere mogeleg å ta ein kvil og ete medbragt niste. Rundt kl. 03.00 ruslar dei som ynskjer det mot Grøthornet, 650 moh, for å sjå sola stige opp bak Gamlemsveten ca. kl.03.30. Deretter ruslar vi sakte ned mot bygda igjen, for å ta ei velfortent, forskyva natt. Denne turen passar for alle turglade som ønskjer å gå ein tur med ekstra opplevingar. Turen er ikkje særleg krevjande, men går føre seg om natta. Det kan vere kaldt fordi pausane for å sjå sola gå ned og opp er lange.
Oppmøte: Vonhytta kl.22.30

Arrangør: Sula Turlag, Ålesund-Sunnmøre Turistforening

Vardane og Vonhytta er STIKK UT!-turar.