You are here

Skatten på Sjørøvarøya

Skatten på Sjørøvarøya
Dato: 
Laurdag, mai 19, 2018 - 17:00 til Fredag, mai 25, 2018 - 19:00
Din epostadresse: 
Sted: 
Nynorskens hus
Kommune: 

Kast loss, set sjøbein og bli med på jakta på kapteins Flints skatt!

Vel møtt når Teaterlaget i Bondeungdomslaget i Oslo viser Skatten på Sjørøvarøya- ein familiemusikal bygd på Robert Louis Stevenson sin klassikar.

Jenny Hawkins arbeider på eit vertshus og drøymer om å sjå verda utanfor Bristol når ho blir vaksen. Ein kveld dukkar sjørøvarar opp på jakt etter eit gamalt kart som skal vise vegen til ein sagnomsust skatt. Jenny endar opp med kartet og med hjelp frå doktor Livesey og godseigar Trelawney samlar dei eit mannskap for å finne den gjøymde formua. Men kan dei eigentleg stole på mannskapet? Og kven er eigentleg kokka Silver?

Teaterlaget lovar song, mystikk, humor og ikkje så reint lite action når vi starter jakta på skatten laurdag 19. mai!

Skatten på Sjørøvarøya er ei familieframsyning som passar for barn frå omlag 9 år.

For billettar:
https://bul.ticketco.events/no/nb

Datoar:
Laurdag 19. mai, Kl.17.00
Sundag 20. mai, Kl.17.00
Måndag 21. mai, Kl.17.00
Onsdag 23. mai, Kl.19.00
Fredag 25. mai, Kl.19.00

Billettprisar:
Vaksne: 160 kroner
Barn/student/honnør: 80 kroner
BUL- medlem: 100 kroner