You are here

Senior-kveld med Fylkesmannen og Ferdafolk

Lodve Solholm. Fotokjelde: Skodje Pensjonistlag.
Lodve Solholm. Fotokjelde: Skodje Pensjonistlag.
Ferdafolk. Foto: Skodje Pensjonistlag.
Ferdafolk. Foto: Skodje Pensjonistlag.
Dato: 
Torsdag, mai 31, 2018 - 17:00
Tema: 
Din epostadresse: 
Sted: 
Klubbhuset Skodje IL
Kommune: 

Frå fiskarson til Fylkesmann

Denne kvelden kjem Fylkesmann Lodve Solholm til Seniorkveld på Skodje. Solholm har kalla innlegget sitt «Frå fiskarson til Fylkesmann».

Faren til Lodve, Arnljot Solholm var fiskeskipper, så når Lodve har kalla innlegget sitt «Frå fiskarson til
Fylkesmann, har han sine ord i behald. Lodve Solholm har ei lang merittliste, han er utdanna Iærar og var i mange år Iærar ved Skarbø skule i Ørskog. Han har sete på Stortinget for Frp, og han avsluttar no si yrkeskarriere som Fylkesmann. Under Lodve sitt innlegg får vi høyre om ei fantastisk livsreise, og når vi veit kor talefør denne mannen er, og når vi no fær høyre han i «fri dressur», kan ikkje dette verte noko anna enn fantastisk spanande.

Ferdafolk m/Knut Ivar Bøe og Ingunn Linge Valdal

Ferdafolk med Ingunn LingeValldal frå Valldal på fele, hardingfele og vokal, og Knut Ivar Bøe frå Vaksvik i Ørskog på trekkspel. Dei starta opp i 1996 og med historier og fantasi har dei funne sin heilt særeigne måte å framføre lokal tradisjonsmusikk frå Indre Sunnmøre. Med humor, fanteri og kreativitet bles dei Iivgjevande kraft i gamle og gløymde Sunnmørstonar fra Storfjordområdet, gjerne kopla saman med folkemusikk fra bl.a. Sverige og Shetland - med glimt i auge! Som namnet seiar, er dei stadig på farta og av konsertreferanser kan vi nemne store festivaler i inn- og utland.

Sted
Klubbhuset til Skodje Idrettslag, 2dre høgda

Tidspunkt
17:00 - 20:00

Påmelding
Bill.: Kr. 80,-. Mat og kaffe , åresal, allsong. Musikk: Kåre Myren
Alle seniorkveldane våre er opne for alle interesserte