You are here

Promo- konsert; Stjerneveg

Dato: 
Måndag, desember 18, 2017 - 20:30 til 22:00
Tema: 
Din epostadresse: 
Sted: 
Ørsta frikyrkje

På STJERNEVEG mot jul.

Nina Vedeld Telseth, styrar i Mork barnehage , dirigent for damekoret LYST og kulturpersonalegheit i Volda og Ørsta har gjort alvor av draumen og gått i studio. Resultatet er ei juleplate med 9 eigenkomponerte songar med tekstar på nynorsk.
Det er berre ein av songane ; «Julerosa»som har tekst frå Marie Lowise Vidnes og to andre songar har son til Nina, Olav Telseth, laga pianoarrangement til. Forutan dette har Nina forfatta alle tekstar og laga musikk til julesongar som handlar om jul sin bodskap sett i samanheng med viktige verdiar og haldninar i livet; om å leite etter lyset, å ivareta kvarandre som menneske, å vektlegge og ha tru på det positive og lyset i livet. Lydbiletet er variert frå vise, calypso til meir jazz.
Måndag 18.desember har Nina konsert i Ørsta frikyrkje og låtane vert lagt ut på spotify 1. desember. Om nokon ynskjer å kjøpe CD, så vert det høve for dette på konserten eller ved å ta direkte kontakt med Nina. På plata si «Stjerneveg» og på konserten den 18.desember har Nina med seg dyktige musikarar: John Inge Leira Bjøringsøy på tangent, Bendik Hustadnes; slagverk
Jan Thormodsæter kontrabass/ bass, Øyvind Skatvedt Robak fiolin, bandoneon, Tore Hovde; gitar, Einar Opsvik; saksofon, Ida-Therese Myklebust Egset, Janne Kristin Lid, Elise Marie Vatne; kordamer frå LYST, Tesfabrhan T. med strenginstrument Krar og Eritreisk song (ID choir )og barnekor som består av 8 barn som alle har tilknyting til Mork barnehage der Nina til dagleg arbeider som styrar.

Velkomen til ein stemningsfull og litt annleis julekonsert 18.desember i Ørsta frikyrkje.
For meir informasjon sjå arr. facebook.