You are here

Ola Kvernberg konsert ved Mardalsfossen

Konsert med Ola Kvernberg ved Mardalsfossen i Eikesdal.
Konsert med Ola Kvernberg ved Mardalsfossen
Dato: 
Fredag, august 7, 2015 - 18:00 til 21:00
Tema: 
Din epostadresse: 
Sted: 
Mardalen i Eikesdal
Kommune: 

Mardalskonserten 2015
Utekonsert med Ola Kvernberg, Ola Morten Vaagan og Hans Hulbækmo i spektakulær natur. Med Mardalsfossen som kulisse lovar vi at dette blir årets oppleving for alle som er glad i vakker natur og vakker musikk.

Ola Kvernberg er fødd i 1981 i Fræna med mor frå Tresfjord og far og besteforeldre frå Rød og Eikesdal i Nesset. Han er jazzmusikar, multiinstrumentalist og komponist Han seier at han gler seg til denne spesielle konserten der han har fått med seg to gode musikarar i Ole Morten Vaagan på bass og Hans Hulbækmo på trommer. Dette er alle unge jazzmusikarar med utspring frå jazzlinja i Trondheim og med solide røter i Norsk folkemusikk. Ola Kvernberg har hatt samarbeid med ei rekke kjente musikarar frå inn og utland, men seier at det første gong at akkurat denne trioen spelar saman.
Mardalen er verna som naturreservat og med historia om fossen og kampen om Mardøla som bakgrunn, gjev det ein ekstra dimensjon til opplevinga. Mardalsfossen har stor symbolverdi og vi vil gjerne bidra til å ta vare på dette unike området som betyr mykje for mange. Den som er i Mardalen i løpet av sommaren kan også besøke Mardalsfossen Art Project med Antony Gormleys skulptur Another time som står i fossegåvet også denne sommaren.