You are here

Mardalskonserten 2018

Unni Boksasp, Øystein Sandbukt, Gro Kjelleberg Solli, Torgeir Leivdal, Marit Aspås og Erik Fostervoll.
Unni Boksasp, Øystein Sandbukt, Gro Kjelleberg Solli, Torgeir Leivdal, Marit Aspås og Erik Fostervoll.
Dato: 
Laurdag, august 11, 2018 - 18:00 til 20:00
Din epostadresse: 
Sted: 
Mardalen i Eikesdal
Kommune: 

Mardalskonserten 2018 byr på Brann i Blått og Teger. Nokre av landets beste utøvarar på sine felt møtest under Nord-Europas høgste fossefall den 11. august.

Plateaktuelle Gro Kjelleberg Solli saman med medmusikantar i gruppene Brann i Blått og Teger, held konsert i spektakulær natur. Vi møter Unni Boksasp (sang, citter), Gro Kjelleberg Solli (sang, lyre), Torgeir Livdal (fele) og Øystein Sandbukt (gitar), Marit Aspås (cello) og Erik Fostervoll på trøorgel. Publikum vil få oppleve samspel, solospel og folkesang frå den rike folkemusikktradisjonen i regionen, utført av nokre av landets fremste utøvarar på sine felt. Dalføret Eikesdal-Eresfjord og Mardalsfossen har ei spesiell historie med vasskraftsutbygging, der Mardøla-aksjonen og demonstrasjonane i 1970 står sentralt. Ein genuin plass der ein kjem tett på og er i naturen. Å oppleve musikk og kunst i slike omgjevander set dette i eit heilt spesielt perspektiv. Konserten er støtta av Møremusikarordninga.