You are here

Mardalskonserten 2017

Jo Inge Nes, Øystein Sandbukt, Peter Wergeni og Audun Skorgen.
Møremusikarane Fjord og Fjell. Foto Bjørn Magne Øverås
Dato: 
Fredag, august 11, 2017 - 19:00 til 21:00
Din epostadresse: 
Sted: 
Mardalen i Eikesdal
Kommune: 

For fjerde gong blir det konsert under Nord-Europas høgaste fossefall. Det er naturleg for oss at nettopp gruppa Fjord og Fjell med sine røter i vårt fylke og nærområde blir årets artistar. Vi ynskjer med dette velkomen til ein konsert i skjæringspunktet mellom rock, jazz og folkemusikk med forankring i musikktradisjonane på Nordmøre og bygdene rundt oss.

I Fjord og fjell møter vi Øystein Sandbukt, gitarist frå Sunndal, Audun Skorgen, kontra- og el-bass, Peter Wergeni, saksofonar, klarinettar og fløyter, Jo Inge Nes, trommer og perkusjon. Alle fire er tilknytta Møremusikarordninga i Møre og Romsdal fylkeskommune og er nok kjent for dei fleste som svært rutinerte og flinke musikarar.
Ein konsert med Fjord og fjell er ei fargerik og grensesprengjande oppleving, der du aldri heilt veit kva du får eller kva vegar musikken tek. Det einaste du kan vera sikker på er at du får det beste, av dei beste.

Her i Mardalen ved Eikesdalsvatnet, under stupbratte fjell kan du oppleve unik flora med m.a varmekjær lauvskog. Med historia til fossen og kampen om Mardøla som bakgrunn, gjev det ein ekstra dimensjon til konsertopplevinga. Mardalsfossen har stor symbolverdi og vi vil gjerne bidra til å ta vare på dette unike området som betyr mykje for veldig mange. Mardalen er verna som naturreservat og det er strenge restriksjonar på bruken av området.
Vi er priviligerte som får bruke området også til kulturopplevingar. Det er med andre ord mange grunnar til å ta turen både for å sjå Mardalsfossen i all si prakt og å oppleve kultur på høgt plan.
Arrangementet er ein del av Eikesdalsdagene i tida 11.-13. august 2017.