You are here

Mardalskonserten

Dato: 
Fredag, august 12, 2016 - 19:00
Din epostadresse: 
Sted: 
Mardalsfossen
Kommune: 

Det vert grensesprengjande norsk-svensk duett når Annbjørg Lien
og Roger Tallroth entrar scena til konsert under Mardalsfossen i august.

Annbjørg Lien er ein av våre aller største eksportartiklar innan folkemusikk og verdsmusikk. Felespelaren frå Ålesund kryssar musikalske sjangergrenser med den største eleganse. Så er ho då også vaksen opp med ein fot i folkemusikken og ein i den klassiske fiolinmusikken. Med seg til Mardalen har Annbjørg Lien den svenske gitaristen Roger Tallroth. Tallroth er ein unik «folkemusikk-gitarist». Han er oppfinnsam som få, og hans måte å blanda bassgangar med komp, med- og motstemmer, er eit varemerke. Han har også utvikla sin heilt eigne måte å stemma 12-strengaren sin på, ein måte som etter kvart andre gitaristar verda rundt har plukka opp og no brukar.
Ein konsert med Annbjørg Lien og Roger Tallroth er ei fargerik og grensesprengjande oppleving, der du aldri heilt veit kva du får eller kva vegar musikken tek. Det einaste du kan vera sikker på er at du får det beste, av dei beste.
Mardalen naturresevat som arena for musikk og kunst.
Her i Mardalen ved Eikesdalsvatnet, under stupbratte fjell kan du oppleve unik flora med m.a varmekjær lauvskog. Med historia til fossen og kampen om Mardøla som bakgrunn, gjev det ein ekstra dimensjon til konsertopplevinga. Mardalsfossen har stor symbolverdi og vi vil gjerne bidra til å ta vare på dette unike området som betyr mykje for veldig mange. Mardalen er verna som naturreservat og det er strenge restriksjonar på bruken av området. Vi er priviligerte som får bruke området også til kulturopplevingar. Det er med andre ord mange grunnar til å ta turen både for å sjå Mardalsfossen i all si prakt og å oppleve kultur på høgt plan.
Arrangementet er ein del av Eikesdalsdagene i tida 12-14. august. Konserten er eit samarbeidsprosjekt med kulturkontoret i Nesset kommune.