You are here

Konsert med Majorstuen på Gamlegymnaset i Volda

Dato: 
Torsdag, april 5, 2018 - 19:00 til 21:00
Din epostadresse: 
Sted: 
Gamlegymnaset
Kommune: 

Folkemusikkbandet Majorstuen slepper sitt sjuande album i sitt attande år på vegen!

«Skrible« er ei reise i litteraturen, høg som låg, med folkemusikalsk forteikn. Bandmedlemene er også komponistar av dei tretten nye komposisjonane som dannar verket, forestillinga og albumet «Skrible». Dei har henta inspirasjon frå sine favorittbøker, og me møter alt frå eit deprimert univers, til Holbergs pudra krølleparykkar, kannibal-humor og sørgelege kjærleiskdrama.
Majorstuen har spelt nærare 300 konsertar i 20 land og har vegvisarar og innovatørar for den nye folkemusikken, både scenisk og musikalsk. Majorstuen er Jorun Marie Kvernberg (Volda/Fræna), Bjørn Kåre Odde (Lom), Synnøve S. Bjørset (Jølster), Anders Löfberg (Stockholm) og Tove Hagen (Rendalen).
Volda Mållag byr på ein underhaldande litteraturquiz i forkant av konserten. Alt skjer i stemningsfulle Gamlgeymnaset torsdag 5. april. Ver der!