You are here

Konsert med Ørstakoret og Jorun Marie Kvernberg

Dato: 
Søndag, september 25, 2016 - 19:30 til 20:30
Din epostadresse: 
Sted: 
VOLDA KYRKJE
Kommune: 

Ørstakoret vart i Italia inspirert til å starte oppatt songåret med konsert der vi syng mykje av det vi hadde med dit. Vi har no også med oss Jorun Marie Kvernberg på fele. Ketil Grøtting dirigerer og syng solo.
Jorun Marie Kvernberg frå Fræna, no busett i Volda i mange år, er ein aktiv folkemusikar med hardingfele og fele som hovudinstrument. Ho har fått fleire musikkprisar m.a. Spellemannprisen to gongar!

I Italia var publikum begeistra for dei norske melodiane, både folketonar og stykke av Grieg. Med oss dit hadde vi også italienske og franske songar som vart godt mottekne der. Vi vil sjølvsagt framføre dei no også!

Det vert framføring av utdrag frå "Jeremias klagesong" i H-moll av Orlando di Lasso.

Mykje av dette vart framført på sommarkonserten vår før Italiaturen i Ørsta kyrkje. Då også var Jorun Marie Kvernberg med og hennar framifrå felespel og lune historier bidrog til at det vart ein flott kveld. Vi fekk mykje skryt då, men mange fekk ikkje med seg den, difor held vi ny konsert no.

Billettar 250,- i døra eller du kan få kjøpe av kormedlemer på førehand