You are here

Jul på Sunnmørsk

Jul på Sunnmørsk
Jul på Sunnmørsk
Dato: 
Måndag, desember 17, 2018 - 19:00
Tema: 
Din epostadresse: 
Sted: 
Jensaløda
Kommune: 

Julekonsert med tekstar på sunnmørsk om korleis jula kan vere på Sunnmøre. Plateslepp!
Med Siril Malmedal Hauge, Sondre Ferstad, Kjetil Jerve, Martin Morland og Henrik Lødøen.

Plateslepp!

Jul på Sunnmørsk har vore i Ocean Sound på Giske og spelt inn juleplate. Dette feirast med ein releaseturné og sjølvsagt ein konsert i Jensaløda!

Jul På Sunnmørsk er eit prosjekt av musikarar frå Sunnmøre, som felles har ein kjærleik til musikk, sunnmøre og julestemning. Saman tolkar dei gamle og nye, kjente og mindre kjente julesongar på klingande sunnmørsdialekt.

I tillegg til å synge låtane på dialekt, har vokalist Siril Malmedal Hauge passa på å ha med nokre av dei tradisjonane som minner oss om sunnmørsjula i tekstane. Med alt det fine og idylliske, og nokre gongar irriterande typiske... Slik som at den velkjende frasa «Let it snow, let it snow, let it snow» blir omsett til «Det ekje snøv, det e sludd, det e regn,» og «Walking in a winter wonderland» blir til «Julestemning veks ikkje på tre». Vi får også høre om andre norske juletradisjonar, som at svora helst bør vere sprø, pinnekjøtt og den deilige juletrelukta. Alt tolka på leikent vis med spanande vriar, slik som når Alf Prøysen sin
«Romjulsdrøm» møter Charlie Parker sin «Ornithology»...

«Dei mange frammøtte var vitne til eit band med stort musikalsk overskot og som evna å engasjere med sine friske og leikne versjonar av kjende og kjære julesongar.» (Bygdebladet)

«Vi får bli kjende med ein allsidig og dyktig gjeng musikarar, som har tatt fatt på eit prosjekt som det er lett å bli glad i. Her er mange julesongar som vi likar sjølv om dei er skrivne på framadlandsk. Tenk då kor fine dei vil bli på sunnmørsk!» (Sulaposten)

Siril Malmedal Hauge - Vokal
Sondre Ferstad - Munnspel
Kjetil Jerve - Piano
Martin Morland - Bass
Henrik Lødøen - Trommer