You are here

Jazzkafe med Passim

Dato: 
Laurdag, november 17, 2018 - 14:00 til 16:00
Tema: 
Din epostadresse: 
Sted: 
Quality Hotel Ålesund (tidl. Radisson BLU Hotel Ålesund)
Kommune: 

Passim spiller jazz

Passim speler musikk i ymse sjangrar frå mainstream jazz, jazzblues, via latin, funk, soul, pop og til rock. Vi er altså grenselause i valet av musikk. Derfor passar og navnet oss godt; passim er latin og vert brukt som eit uttrykk for «litt her og litt der». Musikarane har ein allsidig bakgrunn frå mindre samansetningar til storband. Guro er frontfigur i bandet med si iørefallande, glitrande røyst.

Guro Hoem – vokal. Driv eigen rideskule og er utdanna fysioterapeut. Har lang erfaring fra mange ulike kor og korps, og har og jobba som dirigent og i kulturskulen. Dei siste 10 åra har ho vore aktiv i storband, både som vokalist og på saxofon. Guro har ein distinkt musikalsk vokal, med ein eineståande innlevelse og nerve. Ho har og særs variert musikksmak, og er bandet sin hovudleverandør av "guilty pleasure" pop coverlåtar.

Oscar Toft – tangentar. Sjølvstendig næringsdrivande heimehjelpar i databransjen, med musikkutdanning frå Volda. Tidlegare kordirigent (Volda Ten Sing og Molde Ten Sing), korsongar (tidlegare SKRUK, no Mannskoret Sunnmøre), tidlegare trombonist (Storyville Storband og Hot Hat Big Band), pianist i ymse småband i 3-4 tiår og no pianist i Storyville Storband. Oscar byr og på seg sjølv som taffelpianist og akkompagnatør for ymse songarar.

Olav Harnes – gitar. Lærar i ungdomsskulen, cand.mag. med musikk frå NTNU i Trondheim. Ein bakgrunn som rockemusikar på åttitalet, men sidan også “jazzskulert” på Toneheim folkehøgskule og under studieåra i Trondheim, med erfaring der og sidan og frå storband. Med si skulering er Olav bandet sin autoritet i harmoni- og notespørsmål. Olav komponerer og litt, og har skreve om standardlåtar som har vorte ein del av bandet sitt repertoar.

Tommy Hattrem – el.bass. Musikar i Møre og Romsdal. Tommy bidreg med mange harmoniske arrangementrelaterte idéar i bandet. Er multiinstrumentalist: gitar, ukulele, keyboard + meir. Særs aktiv i det lokale musikklivet i mange band / samansetjingar, spelar m.a. med Bjørn Vikhagen, og Tricia Boutté. Allsidig, er like komfortabel innanfor blues, soul/funk, country, vise m.m. som jazz. Han har og solo-trubadur-konseptet "Stringpickin' Tommy", der han spelar gitar og syng gamal amerikansk folk- og rootsmusikk.

Geir Egil Svinnset – trommer. Har lang erfaring som trommeslagar/perkusjonist som studio- musikar fra radio/plate og TV-studio-konsertar, klubbjobbar, teater, revyar og Rikskonsertane.
Medverkar på mange plate- og radioinnspelingar innan jazz, storband, pop, rock og anna.
Undervisningsbakgrunn fra musikk-, kultur-, videregåande- og,folkehøgskole, samt ei mengd seminar. Geir komponerer og innan jazz/pop/vise, og ga ut CDen “The Reason” for nokre år sidan.
Geir har eiga side på You Tube/Google +: gesvinnset / gesvinnset.blogspot.com

Eit par lydlinkar:
Paul Simon - 50 ways to leave your lover (Lydopptak: Erik Valderhaug)
https://soundcloud.com/oscar-toft/passim-paul-simon-50-ways-to-leave-you...
Arild Andersen - A certain peace
https://youtu.be/zLEqqiC11rI