You are here

Hjelpearbeid i Ukraina og "Særsvip"

Hjelpearbeid Ukraina. Fotokjelde: Skodje Pensjonistlag.
Hjelpearbeid Ukraina. Fotokjelde: Skodje Pensjonistlag.
Særsvip. Fotokjelde: Skodje Pensjonistlag.
Særsvip. Fotokjelde: Skodje Pensjonistlag.
Dato: 
Torsdag, august 30, 2018 - 17:00
Din epostadresse: 
Sted: 
Klubbhuset Skodje IL
Kommune: 

Hjelpearbeid i Ukraina. Harald Vågene i Engesetdal har drive hjelp til fattige i Ukraina sidan 2009 på privat basis.

Vågene vil nok denne kvelden snakke bade om «Familie-hjelpen Ukraina», om folket dei hjelper, kvar går hjelpa, om kven
som får hjelp, og om at ein veit kva pengane går til. Vil du hjelpe, og korleis kan du hjelpe, er og tema som Vågene vil kome inn pa. Vi vil hjelpe mennesker som er særlig trengande og som står i fare for å havne på gata utan vår hjelp. Dette er
gjerne familier der det er born, unge eller einslege mødre med born. Der det er rusproblem i familien vil vi berre hjelpe borna, med bl.a. klede, skuiesaker, eller med eit nærande måltid ein gong i mellom.

Særsvip» kjem med dans, fele og trøorgel

Til denne Seniorkvelden fær vi besøk av gruppa "Særsvip" eit uttrykk som stammar frå Vestnes, og som kanskje betyr
særpreg. Gruppa gjekk til topps i Iandskappleiken på Røros, og gruppa består av Britt Elise Skram på fele, John Inge Leira Bjøringsøy på trøorgel og dans, og Anna Gjendem på torader og dans. Spesielt vert det å høyre att trøorgelet som det før vart spela på i mange heimar. Det var og fast inventar både på bedehus, ungdomshus, og gjerne og på skulane rundt
om i bygdene. Vi får denne kvelden høyre folketonar med fele og trøorgel, og vi får sjå dansar som vals, halling og hambo.

Sted
Klubbhuset til Skodje Idrettslag, 2dre høgda

Tidspunkt
17:00 - 20:00

Påmelding
Bill.: Kr. 80,-. Mat og kaffe , åresal, allsong. Musikk: Kåre Myren
Alle seniorkveldane våre er opne for alle interesserte.