You are here

Familiedag i Aasen-tunet: Fiskelykke

Dato: 
Søndag, mars 4, 2018 - 13:00 til 16:00
Din epostadresse: 
Sted: 
Ivar Aasen-tunet
Kommune: 

Aasen-tunet ønsker barn og vaksne velkomne til familiedag med lesestund og kjekke aktivitetar for heile familien. Det blir blant anna ein fisketur litt utanom det vanlege.

I Salen vil forfattar Ingunn Røyset lese frå boka «Fiskelykke». Vi får høyre historia om då Jonas skal vere med Anna på moloen og fiske. Anna gjer alt ho kan for å få ein stor fisk på kroken, medan Jonas tenker mest på katten sin som er hjå dyrlegen. Boka er ein del av «Leseland», Samlaget sin bokserie for barn som lærer å lese.

Ingunn Røyset frå Hareid er utdanna sosionom, make-up-artist og landbruksavløysar. Dei siste 15 åra har ho jobba som journalist, og i 2012 debuterte ho med boka «Prins Storm».

Barna kan gle seg til ein litt annleis fisketur i aktivitetsverkstaden. Dei får også lage sine eigne kreative variantar av sjøskapningar. Kafeen serverer akvariumsgelé med godterifisk, og butikken har gode tilbod på nynorske barnebøker.