You are here

FØRJULSSØNDAG

Dato: 
Søndag, desember 10, 2017 - 12:00 til 16:00
Din epostadresse: 
Sted: 
Sunnmøre Museum
Kommune: 

Tradisjonen tru ønskjer vi velkommen til Førjulssøndag, søndag 10. desember kl. 12-16. Inkludert i billetten får du vere med på mange og spennande førjulsaktivitetar!

Og vi nevner i fleng: Du får snekre og male småbåt, vere med på snurrebass-konkurranse, dyppe stearinlys, smake på sirupsnippar, krumkaker og julebrød. Vere med å bake lefser og potetkaker. Smake på hardvaflar, høyre juleeventyr, sjå smeden og skomakaren i arbeid, prøvesitte Spjelkavikruta. Du får lage eplebåtar med sukker og kanel, prøve deg på å lage trau, rulle honninglys, lage julehjerter, julekorger, perlehjerter og kubbenissar. I tillegg kjem Friluftsrådet og viser deg korleis lage tennbrikettar. Gratis servering av ein kopp gløgg i paviljongen.

Tradisjonen tru spelar Hatlane skulekops jula inn på «Buholmen», og vi får besøk av stjernejenter og stjernegutar frå Steinerskulen – med lys og lykter og vakker song.

I tillegg vert det sal av ulike varer frå ulike aktørar – alt frå knivar, gamaldags godteri, ansiktskremar og oljer til bøker, nålebinding og saueskinn. Vi får besøk av nonnene frå klosteret i Norddal, Ålesund Knivlag, Frøyas Lyst, Sunnmøre Historielag med fleire.

Og innimellom kan du ta ein pust i bakken i stemningsfylte Skodjestova, der du kan kjøpe både gløgg og smultringar. Eller nyt ei svele, ein kopp kaffi, rømegraut eller noko anna godt både i vår museumskafé og i kafeen vår i Ytterlandstova.

Velkommen til ein aktivitetsrik førjulssøndag på museet!

Inngang: Voksen kr 130 og barn kr 100 (gratis for barn under 3 år)