You are here

Bråbretind - Naturlos 2017

Bråbretind. Foto: Sunnmøre friluftsråd.
Bråbretind. Foto: Sunnmøre friluftsråd.
Dato: 
Laurdag, juni 24, 2017 - 08:10
Din epostadresse: 
Kommune: 

Dette er ein svært krevjande tur (svart) som passar spesielt godt for ungdom, vaksne og fjellsportinteresserte. Ein tur til Blåbretind byr på mektige naturopplevingar.

Me må rekne med å gå på snøbre i 1-3 timar, alt etter forholda. Siste del opp til toppen blir lett klyving i ur. Den som vel å bli med på denne turen må tåle nokre få luftige parti. Turen tek 8-10 timar tur/retur og passar for dei som er glad i å gå lange motbakkar og som likar seg på snøbre. Du må og tåle den lange nedturen. Ta på gode sko, vindtette klede, lue og hanskar. Ta med gode broddar eller stegjern om du har. Ved dårleg ver på laurdag kan turen bli
flytta til søndag. Dette blir det opplyst om på nettsidene til ÅST og Sula Turlag.

Oppmøte: Johan R. Sunde (Solevågseide) kl.08.10

Turvertar: Anna Marie Rekdal Havnegjerde tlf. 482 96 625, Odd-Rune Havnegjerde tlf. 920 95 652 og Arild Andersen tlf. 456 88 589 Arrangør: Sula Turlag, Ålesund-Sunnmøre Turistforening