You are here

Bokmøte med Ragnar Ulstein og Gunnar Myklebust

Dato: 
Onsdag, november 22, 2017 - 18:30 til 20:30
Sted: 
Ålesund Bibliotek
Kommune: 

Kom og høyr om livet til ein av dei siste attlevande motstandsmennene under krigen!

Ragnar Ulstein er snart 98 år gammal og stiller sjølv under bokmøtet ilag med forfattaren av boka "I krig og fred", Gunnar Myklebust. Her får vi høyre om unge Ragnar som reiste til England og vart med i Lingekompaniet. Han vart opplært i geriljakrig og var med på hemmelege operasjonar i Noreg. Seinare gjekk Ulstein over til å dokumentere den norske motstanden under krigen, og har såleis vore med på samle viktige brikkar i den norske historia. Boka er nett lansert, og det vil bli boksal og signering etter bokmøtet.