You are here

1. maifeiring for Hareid, Herøy og Ulstein

Dato: 
Måndag, mai 1, 2017 - 18:00 til 20:00
Vedlegg: 
Din epostadresse: 
Sted: 
Thon Hotel Fosnavåg
Kommune: 

LO på Søre Sunnmøre og Herøy Arbeidarparti inviterer til 1.maifeiring.

LO på Søre Sunnmøre og Herøy Arbeidarparti inviterer til 1.maifeiring. Arrangementet vert på Redarrommet på Thon Hotel Fosnavåg kl. 18.00.

I år har vi fått Else-May Botten som hovudtalar. Else-May sit på stortinget på sitt 8. år, og er Møre og Romsdal Arbeiderparti sin fyrstekandidat ved årets val. Ho er næringspolitisk talsperson i Arbeiderpartiet og jobbar for ein politikk der tryggleik for arbeid og tryggleik i arbeidet er viktigast.

Maria Utseth (AUF) skal halde appell. Ho vart nyleg valt som leiar i ungdomslaget Ytre Søre Sunnmøre AUF.

Det vert også heldt appell av Jan Nilsen som er ein forkjempar for Norske sjøfolk og bevaring av Noreg som sjøfartsnasjon. I desse krevjande tidene har han klart å engasjere over 17 500 personar med Facebook-gruppa: "Vi som vil at alle Norske Sjøfolk skal være med inn i Fremtiden."

I tillegg blir det kulturinnslag med musikk, loddsal og gratis servering av kaker og kaffi!

Arrangementet er opent for alle - vi gler oss til å møte deg :)